Havfiske
Storhavet utanfor Sotra/Øygarden har fiskerike område for djupvassfiske. Her kan du oppleva å få verkeleg storfisk på kroken. Vil du dra til havs på eiga hand, får du leiga båt på rorbusentra og hos dei som tilbyr vassportaktivitetar og havopplevingar. Du kan òg bli med guida havfisketurar der lokalkjende fiskarar tar deg ut til dei beste fiskeplassane.
skjergardsfiske
Mellom holmar og øyar i skjergarden er det gode beiteplassar for fisk. Er du lite sjøvand, kan du få flotte fiske- og naturopplevingar innaskjers. Havstrilane slo seg ned nær dei gode fiskeplassane. Difor er Glesvær, Nautnes og Hellesøy gode utgangspunkt for opplevingsrike fisketurar. Lokalkjende gir deg gjerne tips om den beste lyrplassen, torskeplassen eller kvar seien er mest bitevillig.
Fiske frå land
I dei smale sunda og straumane er det gode fiskeplassar. Prøv fiskelukka under bruene i Øygarden, på svaberga i Svelgensundet, Ormhilleren og rundt Hellesøy. Sportsfiskarane sine favorittplassar i Sund ligg ved Golta, Telavåg, Risvika, på Tofterøy og i friluftsområda på Tyssøy og Lerøy. I Fjell finn du lett tilgjengelege fiskeplassar berre få minutt frå byen. Prøv fiskelukka rundt øyane Løno og Duøy, ved Barmane vest på Algrøyna, Kjeholmen, i Kårtveitpollen friluftsområde og ved badevika på Narøy vest for Møvik.
Skjel og skaldyr
Det undersjøiske fjellandskapet rundt Sotra/Øygarden er gode vekstplassar for skjel og skaldyr. Her kan du dykka etter blåskjel, kamskjel, oskjel og kuskjel. Eller fanga stor og god matkrabbe, som det finst mykje av rundt holmar, skjer og svaberg. Hummaren er freda store delar av året, men i oktober er det muleg å få ein smak. Dei råvarene du plukkar opp av det reine, salte havet her ute, har ein kvalitet som kan gi deg verdas beste sjømat.
Ferskvassfiske
Kørelen i Sund er det største ferskvatnet på Sotra. Her kan du få aure, røye, ål, sjøaure og smålaks. I Villmarkssenteret kan du leiga kano for spanande fiske- og padleturar. Dei fleste vatna i regionen har aure av ulik storleik. Mange ferskvatn er òg fine for isfiske etter røye om vinteren. Laks og sjøaure går opp i Fjellvassdraget. Her og i Skiftedalsvatnet må du ha fiskekort. Elles kan alle som har betalt jeger-og fiskeavgift og gjort avtale med grunneigar, fiska fritt.