Cornelius er vidgjeten for sin gode sjømat og eit fantastisk restaurantmiljø. Omgitt av vakker skjergardsnatur, er staden eit opplevingssenter for kystmat som byr på den eine openberringa etter den andre. I skaldyrtårnet kan du plukka det du vil ha servert: I dei store utandørskummane er det levande kråkebollar, kamskjel, hjarte-skjel, matkrabbe, østers og hummar. Via storskjerm kan du følgja med på sanking av kamskjel og andre delikatesser på havbotnen utanfor, og sjå kokken trylla fram fantastisk sjømat etterpå. Skaldyrforedrag og ei smaksprøve på rå østers, kråkebolle og kamskjel høyrer med til “øvingane” her ute. I Skjærgårdskjøkkenet samlast gjestene til matgleder rundt open eld, røykeomn og gamal naustkultur. Men høgde-punktet på turen er, utan tvil, Cornelius sin meteorologiske meny. Her er mat, vin og tilbehør bestemt av sesongens råvarer, ein dyktig kokk og vêrgudane. Er det fint sommarvêr, opnar vi skyvedørene, dekker opp ute på brygga, og serverer ein lettare meny. Er det stygt vêr, dekker vi opp med varme fargar og levande lys innandørs. Kvar dag ei ny smaksoppleving!
FINN FRAM
Holmen ligg vest for Bjorøy i innseglinga til Bergen like sør for Sotrabrua. Du må i båt for å koma hit. Her er flytebrygger viss du kjem i eigen båt. Vi kan henta deg i Bergen, Alvøen eller Bratthomen. Vi har òg fast båtrute t/r Dreggekaien i Bergen sentrum.
Husk plassbestilling!
FASILITETAR
Cornelius har 5 serveringsstader med moderne kjøkken og eigen sjømatvinkjellar: Havsalongen 70 pers., Overflaten 100 pers., Utværet, 40 pers., VIPnipp kjøkken 10-25 pers. I tillegg: Brenningen Bar og Skjæret uteservering. Totalt kan vi dekka opp til 250 personar. Den flotte plasseringa i skjergarden gjer Cornelius til ein unik stad for selskap, møte, kurs, konferansar og festivitas. Vi tilbyr ei rekkje maritime aktivitetar som båtturar, fisking, segling, vasski, dykking og mykje meir.