Skriv ut
		Skriv ut

Vestlandsforteljingar


Kontakt
Adresse:


Beskrivelse

Sju Vestlandsforteljingar kan i sesongen opplevast på Sotra og i Øygarden i perioden 1. august til 18. september. Bli kjend med historia og naturen på øyane vest for Bergen ved å delta på ulike forteljingar alle dagar i veka. Når du møter opp på rett plass til rett tid, vil ein forteljar ta deg med i ei historie som gjev deg ei oppleving av kystsamfunnet på ein ny og spanande måte.

For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Om ikkje anna er nemnt, kostar ei Vestlandsforteljing kr. 70,- for vaksne, born gratis. Dei aktuelle stadane kan du koma til med eigen bil eller båt, eller du kan nytta offentleg busstransport eller aktuelle båtruter.

Relaterte produkter
Copyright © Egil Sæle

Øygarden

Vestlandsforteljing nr. 1 Adnestova - heimen til fiskarbonden

Adnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngjetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapen i tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæl.
Adresse: Nordre Sæle, 5334 Hellesøy

Copyright © Museum Vest Nordsjøfartmuseet

Sund

Vestlandsforteljing nr. 2 Selstøbuene - frå notbu til hytteparadis

Frå Nordsjøfartmuseet i Telavåg går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet. Dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i...
Adresse: Nordsjøfartmuseet, 5380 TÆLAVÅG

Copyright © Margrethe Kallestad

Øygarden

Vestlandsforteljing nr. 3 Hernar - ein utpost til Nordsjøen

Øya Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsel til Vesterhavsøyane i norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgjevarstad dei siste hundreåra. Under turen frå sundet der vikingskipa la ut, og opp til vollen med bautasteinar, får du høyra om bragdene til...

Copyright © Museum Vest Kystmuseet i Øygarden

Øygarden

Vestlandsforteljing nr. 4 Ovågen - tett på vågen

Frå Kystmuseet i Øygarden, tek vi deg med på ei vandring i stort og smått kring Ovågen. Turen kring den innarste delen av vågen, er ei vandring i 10 000 års natur- og kulturhistorie. Forteljaren er innom ei rekkje spanande tema etter...
Adresse: Kystmuseet, Ovågen, 5337 Rong

Copyright © Cornelius AS

Sund

Vestlandsforteljing nr. 5 Cornelius - sjømatopplevingar på Holmen

Sjømatrestauranten Cornelius på Holmen ligg i Kobbeleia ved Bjorøy. Her kan du få servert mat av kortreiste råvarer til dømes i form av skaldyr. Eigarane har historiske røter her og har i tre generasjonar drive med skjeldyrking og fangst. Det var... Telefon: 55 59 04 80
E-post: booking@cornelius.as

Copyright © Torvald Bakke

Sund

Vestlandsforteljing nr. 6 Glesvær - eit sildeeventyr

Handelstaden Glesvær vart oppbygd gjennom fiskeri og sildefangst, som har endra seg frå fiske i færing til ringnotsnurping. Det er ei vandring i historia og utviklinga av staden. Du får høyra om fiskarbonden som vart handelsmann, og om endringar på...
Adresse: Handelstaden på Glesvær

Copyright © Museum Vest Fjell Festning

Fjell

Vestlandsforteljing nr. 7 Russarfangane - krigsfangar til festningsarbeid

Fjell gard vart dagleg påverka av den store byggjeaktiviteten som den tyske okkupasjonsmakta hadde på Fjell festning. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar. Folk på Fjell gard hadde medynk dei utslitne og hundsa fangane, og hjelpte dei med mat og...
Adresse: Gjerdet kulturminnegard


DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, Trollhaugmyra 15, N-5342 Straume, Norway.