Annonser

Annonse for Fjord Tours









			Skriv ut
		Skriv ut

Heritage Adventures AS


Fasiliteter

Aktiviteter

Brevandring, Båtturer, Fiskemuligheter, Fjellvandring, Guide, Guidede turer, Saltvannsfiske, Skogstur


Natur og terreng

Fjell, Fjellterreng, Fotturområde, Geologiske forekomster, Hav/fjord, Nasjonalpark, Natur, Sjø, Skog, Utsikt, Utsiktspunkt


Rabatter

Barnerabatt, Familierabatt, Grupperabatt


Sesong

Hele året


Kontakt
Booking
Telefon56 52 95 90
post@heritageadventures.no

Adresse:
Postboks 407
5703 Voss

Telefon56 52 95 90
Telefon991 51 500
Faks56 52 95 99
E-postpost@heritageadventures.no
Webwww.heritageadventures.no
Bestill her



Beskrivelse

Heritage Adventures AS tilbyr eit breitt utvalg av både daglege guida rundturar med vandring og skreddarsydde fjord - og fjellturar i Nærøyfjorden verdsarvområde og fjordane ellers.

Vårt rundturprogram inneheld to daglege guida turar med vandring:

Nutshell & Vandring
Denne heildagsturen som er ein utvida og aktiv variant av den populære ”Nutshell”-rundturen, er eit ”must” for alle som søkjer unike og personlege naturopplevingar utafor allfarveg i hjarta av fjordNorge!

Undervegs får du alle dei tradisjonelle høgdepunkta som togtur frå Bergen til Myrdal og på Flåmsbana, fjorcruise frå Flåm til Gudvangen i Nærøyfjorden verdsarvområde og Staheimskleiva.

Vår tur inkluderer i tillegg ein eigen lokalkjend guide, vandring på 8-10 km i eit storslått fjell- og fjordlandskap, picknik med snacks undervegs på vandringa, strandhogg i ei av grendene undervegs på fjordcruiset frå Flåm til Gudvangen, eigen buss Gudvangen – Voss og fotostopp på Stalheim Hotell.

Turen har start og slutt i Bergen, men guiden sluttar seg til ved togankomst Voss .

Vandring i Verdsarven
Denne turen i det storslåtte og spektakulære fjord- og fjellandskapet i Nærøyfjorden Verdsarvområde startar med eit kort cruise på Nærøyfjorden før vi går i land og fortset til fots på den gamle Kongevegen langs fjorden.

Undervegs i den 5 kilometer lange vandringa gjer vi fleire stopp for å studere nærmare både den storslåtte naturen, den interessante kulturen og ikkje minst det rike dyrelivet med både sel, niser og mange spanande fugleartar.

Ein god lunchpause med inkludert pikniklunch er også lagt inn. Framme ved Kongevegens ende går vi igjen ombord i båten som tek oss med på eit nytt fjordcruise tilbake til Gudvangen.

Vandring i Verdsarven har start og slutt i Gudvangen, men har god korrespondanse med tog og buss til og frå Bergen. Henteteneste på Voss stasjon kan avtalast.

Heritage Adventures er i ein kontinuerleg produktutviklingsprosess, så nye produkt og tilbod kjem stadig til. Nytt av året er vårt tilbod til utflytte nordmenn som er på leit etter eller ynskje besøkje slekt og familie i Norge. Me vonar at vår lange erfaring, gode poroduktkunnskap og omfattande nettverk også kan kome deg til gode !

Relaterte produkter
Se også
fjordway (Fjord Norway)

visitBergen.com
Bergen Reiselivslag • Bergen Tourist Board • Slottsgaten 3 • Postboks 4055 • 5835 Bergen, Norge