Klatring

Klatring

© Jon Fjeldstad/Fotoarkivet.no

Skundar du deg ut av kontoret, er ettermiddagen framleis ung når du heng i klatreveggen. Få minutt frå Bergen finn du eit av dei flottaste og mest spektakulære klatreområda i Noreg. Blankskura klippeveggar, bada i frisk havluft, gamle som steinøkser og vel så det. Nokre skyt til vers over stille sund og vikar. Andre står som ein vegg mot havstormar og storhav. Svaberg på høgkant! Gjer deg klar for ei klatreoppleving i havgapet.


Fjell

Løno Klatrevegg

Eksotisk klatring langt til havs. Øya Løno vart fråflytta på 50-talet og er i dag eit friluftsområde Tilkomst kun med båt. Klatreveggen ligg ved ei grasslette innerst i bukta sør på øya. På Løno er det fleire flotte klatreveggar og eit utal buldreveggar.


Fjell

Skyggenes dag

Skuggefull vegg som byr på vertikal, teknisk veggklatring på svært kompakt fjell og med ruter av høg kvalitet. Veggen er ca. 15 meter høg. Om sommaren har han kveldssol frå ca. kl. 18.30.


Copyright ©  Ågot C. Nilssen/Bergen Turlag

Øygarden

Uteveggen

Uteveggen er ei 15 meter høg klippe av gneis ved Osundet i Øygarden. Veggen er nesten loddrett, men mange gode tak gjer at han er god å klatre i. Heile klatrefeltet har ca. 66 tilrettelagde ruter. Ei av rutene er ein spanande bulkdretravers over ope...


Sund

Glesnes Klatrevegg

Klatrefeltet på Glesnes ligg heilt sør på Sotra. Feltet har ruter av høg kvalitet, men klatringa er utypisk for Sotra. Veggen svært bratt, ca 20 til 30 grader overhengande. Kvaliteten på fjellet er lavare enn ellers på Sotra, men fjellet byr til gjengjeld på spanande hòlklatring. Etter regnvêr treng veggen treng minst ein dag på å tørke.


Fjell

Hesteveggen

6-12 meter høg, vertikal vegg. Klatring på lister av ulik storleik. Veggen ligg lunt til og kan vera eit alternativ på vindfulle dagar.


Fjell

Piratbukta klatrevegg

Overhengande klatring på store tak. Veggen er 13 meter høg og har 2 meter overheng på det brattaste. Han ligg like sør for Syltøyveggen på Langøy.


Fjell

Krabbeveggen

Liten vegg med høg fjellkvalitet. Svakt overhengande. Veggen vender mot vest og har sol frå ca. Kl. 15.00.


Copyright © Klyva AS

Øygarden

Klyva

Er du klar for spanande vandreeventyr over forsteina kvalryggar, djupe rumpe-sprekker og samanrulla kjempetroll? Har månader med lekselesing gjort deg sugen på paintballkrig, lavvoliv og fysiske basketak i villmarka? Klyva er eit opplevings-firma som brukar kystnaturensom "fornøyelesepark" for alle som vil ha godt av å lufta seg.
Adresse: Torsvik, 5337 Rong
Telefon: 942 88 920
E-post: catorislow@hotmail.com


Fjell

Gjøkeredet

Gjøkeredet er ei nesten loddrett, 15m høg klippe i raud sotragneiss. Veggen har 32 ruter av moderat vanskegrad. Den er vestvendt og har sol frå midt på dagen til seint på kveld.


Fjell

Selvågen

Ligg skjult til i ei fin vik. Idyllisk grasbakke under delar av veggen, og det er fine forhold for eit forfriskande sjøbad etter klatreturen. Veggen er 15-25 meter høg, Vinkel frå loddrett til svakt overhengande. Varierande fjellformasjonar med fin...


Sund

Goltastraumen klatrevegg

Kanalklatring like ved brua over Glesnes-kanalen. Hovudveggen har bratte ruter på slappe hòl og pinchar; sideveggane er loddrette. Ruta lengst til venstre kan berre klatrast på fjøre sjø.



DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, Trollhaugmyra 15, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete