Kystsport

Kystsport

 © Jon Fjeldstad/Fotoarkivet.no

Du veit ikkje kor steil ein klippevegg før du har klatra i han. Du er ikkje kystgolfspelar før du har kontroll på havbrisen. Inntrykket av eit fantastisk kystlandskap får du berre ved å vandra ut i det. Kysteventyret er ein naturleg opplevingspark med eit stort aktivitets- og opplevingstilbod. Her kan familien dyrka mange interesser og fylla ferien med spanande, sjølvopplevde historier.


 

 

Gaute Hatlem

Golf

Suset av ein driver gjennom skjergarden. Ballen som lyser kvitt mot den blå havranda, før den forsvinn bak ein naken bergrygg. Utslag i frisk sjøluft, putting på lyngheia. Golf i kupert kystlandskap er ei flott oppleving som du kan unna deg ofte. Avstanden frå Bergen er ikkje lenger enn at du kan vera advokat før lunsj og golfspelar etterpå. Velkomen til Kobbeltveit golf- og naturpark.

 


 

 

Juv- og klippevandring

Den røffe skjegardsnaturen i Øygarden byr på turopplevingar som du må på andre planetar for å finna maken til. Vi tar deg med inn i eit landskap av forsteina bølgjedalar, over nakne bergryggar, gjennom trange juv, opp klippveggar, ned i sprekker og berghòler. Her kan du “lada batteria” med flotte synsinntrykk, frisk havbris og fysisk nærkontakt med naturen. Juv- og klippevandring er ein fantastisk opplevingstur for team-building, blåturar og spanande overraskingsarrangement. Turane har ulike vanskegrader og kan derfor tilpassast dei fleste.

 


Paintball

Har du lyst til å spela paintball i skogen, i skjergarden mellom klipper og juv, på kamparena-bane eller på Extreme Island? Sotra/Øygarden gir deg mange ulike arenaer for spanande paintball-kampar.

 

 

Kanopadling

Kanopadling på vatn og i elvar i vakker kystnatur heilt ute ved havet, det er ei heilt spesiell oppleving. Ved Sotra Villmarksenter i Sund kan du leiga kano og padla på det største vatnet på Sotra. Kørelen byr på flotte fisketurar og opplevingsturar. Om du vil, kan du padla gjennom elvar og kanalar heilt ut til havet i vest. Fjell kommune låner ut kanoar gratis for lag, organisasjonar, skular og barnehagar i kommunen. Lag frå andre kommunar må betala avgift. Tilbodet gjeld ikkje privatpersonar eller verksemder.

 

 

© Team Xtreme Villmarksopplevingar

På Sotra/Øygarden er det fleire villmarksleirar som tilbyr spanande aktivitetar som pil- og bogeskyting, leirdueskyting, paintball, vikingøksekasting, fridykking, juv- og klippevandring, taubane, hinderløype, samarbeidstrening, luftgeværskyting, knivkasting, klatring, rappellering og mykje meir.

 

 

Motorsport

Sotra Motorstadion ligg på Sotra like nord for Sund senter. Banen har nasjonal standard som treningsanlegg for motocross. Hovudtraséen er på ca 1,4 km. I tillegg har motorstadion ein eigen knattecross-bane. Sotra Motorstadion er heimebanen til Sotra Motorcross, og har parkeringsplass, klubbhus, tellebu og skiftebrakke.

 

 

Sykkelutleige

Kvar vår går det populære ”Skjærgårdsrittet” frå Bergen til Øygarden. Utover det varierte og langstrakte kystlandskapet i Øygarden er det flotte tilhøve for både temposykling og for rolege opplevingsturar på to hjul. Øyrekkja er bunden saman med 11 bruer. Med sykkel får du ein eineståande tilgang til alt det vakre naturen og landskapet har å by på her ute.

Ditt søk ga ingen treff

DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, postboks 289, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete