Naturopplevingar

Naturopplevingar

© Gaute Hatlem

Vil du sjå restane etter Noregs første bølgjekraftverk? Vil du gå stien som russar-fangane måtte følgja kvar dag til slavearbeid på Fjell festning? Vil du sitja i solned-gangen og nyta stilla i fjøresteinane, eller bli piska av storm og sjøsprøyt i eit av dei røffaste og mest vêrharde stroka i Noreg?


Copyright © Jon Fjeldstad/Fotoarkivet.no

Øygarden

Fuglekikking

Øygarden er ein av dei beste plassane for fuglekikking i heile fylket. I kystområda her ute er det registrert meir enn 236 ulike fugleartar. Berre i Tjeldstømarka natur-reservat kan du observera nesten 195 artar. Dette unike våtmarksområdet er ein viktig hekkeplass.


Copyright © Øystein Eriksen

Sund

Havørnsafari

Lokkemat og open båt. Bli med på havørnsafari gjennom skjergarden heilt ute ved storhavet. Målet er nærkontakt med Nord-Eurpoas største rovfugl.
Adresse: Nipa, 5380 Tælavåg
Telefon: 91170954
E-post: kontakt@havorn.no
Hjemmeside: www.havornsafari.no



DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, postboks 289, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete