Vil du delta på friske seglasar i spektakulær kystnatur, eller vil du vera seglskute-mannskap og setja kursen til havs? Kysteventyret lét deg segle moderne eller historisk, i mild sommarbris eller frisk haustvind. Havlufta, fuglelivet og naturen er like nærverande i ein nypolert havseglar som i ein tradisjonell, råseglrigga robåt. Og du kan styra, reva segl, hengja på ripa, dukka for sjøsprøyten og måla krefter med bølgjer, vind og hav.