Sund
Bli med på tur gjennom eit av dei røffaste, mest vêrharde og mest spektakulære
kystlandskapa i Noreg. Golta kan vera ein sovande steinørken i stille solgangsbris, men òg eit rasande inferno av vind, frådande sjø og 10-15 meter høge bølgjer. Her får du sjå uthus for både dyr og menneske. I dei gamle Selstøbuene låg folk på vakt for å fanga fiskestimar som kom inn i sundet. Med ein avstikkar frå hovudløypa kjem du heilt ut i havgapet, der neste stopp vestover er Shetlandlandsøyane.
Turen er 10 – 11 km, ca. 2,5 - 3 timar i jamn gange utan pausar. Telefon: +47 56 32 02 00
E-post: kysteventyr@gmail.com
Hjemmeside: nordsjoloypa.ivest.no/
Les mer om Nordsjøløypa mellom Glesvær og Telavåg