Kystliv
1 |
2 |
3 |
4
For 10 000 år sidan låg Kysteventyret gøymt under eit 2-3 kilometer tjukt lag av is.
Då isen smelta og trekte seg attende blottla den eit par våte, svarte skjær. Skjæra vart seinare kalla Sotra, ”den svarte øya”. Frigjort frå tyngda av isen, steig øyriket opp av havet som ein stim av forsteina kvalryggar.
Frå lufta er dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden ei langstrakt samling av
små og store øyar. På nært hald er øyriket eit mangfaldig og skiftande kystlandskap. Ytterst ute ein labyrint av holmar og skjer, sund og tronge vikar. Svaberg som pløgjer seg ut gjennom bølgjene. Her er store kontrastar. Fjøresteinar mellom steile klippe-veggar. Bratte juv og kløfter. Torvmyrar og blenkjande vatn. Eit bølgjemønster av blankskura bergknausar gjennom blømande lyngheier. Inne mellom knausane, der isen har lagt igjen nok lausmasse, eit småbruk og litt skog. Og 341 meter over havet, Liatårnet, det høgste fjellet på Sotra, med utsikt over heile øyriket, skjærgarden og storhavet utanfor. Eit landskap i storm, eit heilt anna i stille.