Opne lyngheier,
saueflokkar, sjøhus og idylliske vikar; det vakre
kystlandskapet kan sjå stille og roleg ut, men mellom
knausane flaksar det rasande fartstroll som kastar
gjørme på kvarandre.
Her blir folk heilt frå seg av begeistring
over lubbesild, Strilalam og levande sjømat. Over
lyngheiene haglar det golfballar på fine dagar. Og i
Fjedlafjellet kan du bli bergtatt i ein underjordisk labyrint. Hvis
ikkje du trur det, må du oppleve det sjølv.