
Eit halvt steg med sjumilsstøvlar, så er du i Øyriket. Heilt ut mot storhavet i vest ligg det ville og vakre kystlandskapet som på kartet heiter Øygarden.
Hit skal du dra hvis du vil bli storøygd, skjortevåt, skjelven, elle vilt overraska og oppslukt av turen og naturen. Her kan du prøve deg på raftrace eller fly flygefisk over skjergarden. Her er det berg-og-dalbaner over straumar og sund. Her sym det kval i vasskorpa. Folk heng etter fingrane i klippeveggane. Og nede i djupet, rundt sluken din, lurer storfisk på 20-30 kilo. Du må slå av halvparten om nokon skal tru deg når du fortel kva du har opplevd her ute.