Det kan høyrest ut som eventyr frå ei anna verd, men dei treng slett ikkje overdrive dei som tar ein ferietur til Sund.
På Golta kan du oppleve 10-15 meter høge bølgjer kaste seg mot klippene. Her stuper svære havørner ned og slår kloa i fisken din. Og kvar haust samlast sjøulkar og sjøstjerner for å forlyste seg med høg musikk. Men ein gong for lenge sidan skjedde her så fælslege ting, at det er reist eit stort minnehus for at ingen nokon gong skal gløyme.