Sæle, Øygarden: Fem dagar fengsel på brød og vatn for manglande rapportering av rakfunn
I
1881 Kom lensmannen i Manger til Sæle på uventa synfaring. Nokon hadde gitt han
eit hint om at fiskarbøndene hadde drege i land rakstokkar om vinteren utan å
rapportera dette til han. Fiskarane stadfesta at dette hadde skjedd, men dei
hadde berre hatt fem godversdagar denne vinteren, og desse dagane måtte dei
bruka til å koma seg på sjøen for å skaffa mat til familiane sine. Dei hadde
ikkje funne høve til å ro til Manger for å varsla om dei tre rakstokkane. Denne
forklaringa var ikkje god nok for lensmannen, og han drog fiskarane for retten.
Ni av dei vart til slutt dømde til fem dagar fengsel på brød og vatn for
manglande rapportering av rakfunn. For Johannes i Adnestova skulle det visa seg
at straffa vart større. Han hadde ikkje vore med på å draga i land stokkane,
men tok på seg skulda for familien sidan han var ugift. Men han hadde nett
fullført lærarskule på Voss. Då han hadde sona straffa, søkte han
lærarstilling. Sidan han hadde vore straffedømd, fekk han avslag. Livsvarig
yrkesforbod vart den tilleggsstraffa han måtte leva med for å ha tatt på seg
skulda for rakfunnet. Seinare overtok
han eit bruk i Austrheim og vart også torghandlar. Som plaster på såret vart
det sagt at han tente meir som torghandlar enn han ville ha gjort som lærar.
Fra Vestlandsfortellingja,
Adnestova , 2011
Egil
Sæle