Shopping

Shopping

© Sartor Senter

Kysteventyret kan by på flotte shoppingturar med spanande kystopplevingar på kjøpet. På Glesvær i Sund kan du kjøpa sluk og fiskestang i eit gamalt bakeri. Han som ekspederer deg er i kokkeuniform. Bakeriet er kafé, kunstutstilling, konsert-scene og butikk. I Butikken på Hellesøy har stamgjestane eigne kaffikrus på veggen, og kundane skriv seg seg inn i gjesteboka. Tradisjonelle og moderne shoppingtilbod har éin ting felles: dei er alle godt forankra i kyst- og strilekulturen. Sentralt i kvar av dei tre kommune finn du urbane handlesenter: Sartor Storsenter i Fjell, Sund senter i Sund og Rong senter i Øygarden. Sartor Storsenter er størst med over 120 butikkar og serveringsstader.  Shopping på Sotra/Øygarden er ei spanande tidsreise. Overalt får du med deg flotte naturopplevingar på vegen.

 


Copyright © Per Stian Johnsen

Fjell

Sartor Storsenter

Region og kommunesenter i Fjell med turistinformasjon ved kundeservicetorget inne på senteret. Sartor er blant Norges største sentre, målt i omsetning. Senteret har 112 butikker og spisesteder, og ble i 2006 kåret til ”Årets kjøpesenter” i Norge!
Adresse: Sartor Storsenter, 5353 Straume
Telefon: 56 31 58 58
E-post: kundeservice@sartorsenter.no


Øygarden

Rong senter

Øygarden sitt handlesenter ligg ved RV 561 like etter Rongesundbrua, på Rong ca. 35 km frå Bergen. Senteret inneheld daglevarer, sport og fritid, elektriske artiklar, konto og data, blomsterbutikk, gåver og interiør, musikkforretning, spel og leiker, frisør. I senteret finn du Rong Kafé og fleire av kommunen sine offentlege service-tilbod. Mellom anna er kommuneadministrasjonen i Øygarden lokalisert her.
Adresse: 5337 Rong
Telefon: 56 38 74 54


Copyright © Sund Senter

Sund

Sund senter

Sentralt plassert handlestad for alle som skal til Klokkarvik, Steinsland, Glesvær og Tælavåg. Sund senter er eit lite, lokalt handlesenter som du finn i Skogsvågkrysset like ved RV 555. Senteret inneheld daglevarebutikk, blomsterbutikk, bokhandel, jernvarehandel, kiosk, frisør og bank. Her er òg Sund Folkebibliotek lokalisert.
Adresse: 5382 Skogsvåg
Telefon: 56 33 27 49



DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, Trollhaugmyra 15, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete