10 000 år. Bli med til Kystmuseet, sjøbruksmiljøet i Ovågen og oljeteknologianlegga på Kollsnes for ei spanande reise gjennom ressurshistoria til Øygarden.
Kystmuseet og Klyva kan tilby ei spanande oppleving rundt bølgekraftverket, som var i drift på Toftestallen i Øygarden 1985-86. I dag står berre ruinane igjen av betongkonstruksjonen. Dette viser kva enorme krefter som finst i hav og bølger.
Har du nokon gong blitt vist rundt på ein flytande laksefarm? Vi lover at det er ei fascinerande oppleving for alle som er interessert i det store norske sjømateventyret. Tenk deg når havet kokar av 100.000 sprelske aurar som får frokost!
Guidet tur til to store severdigheter fra 2. verdenskrig: Fjell Festning og Nordsjøfartmuseet i Televåg.
Ytst ute i havet, heilt nord i Øygarden, ligg Hernar. Øya har i dag ca.15 fastbuande, og er eit ynda reisemål for feriegjestar. For å koma ut hit må du i båt, anten din eigen, eller den vesle passasjerbåten som går i rute frå Hellesøy.