LOKAL MAT
I kystområda rundt Sotra/Øygarden finn du kanskje verdas beste råvarer for sjømat.
Til alle tider har fisk vore eksistensgrunnlaget for folket her ute. Difor finst det ein sjømatkokk i så å seie kvart einaste hus; ein som veit korleis nytrekt torsk skal smaka, korleis sild blir til bøkling og brisling til ansjos. Tradisjonell lokalmat hadde lite innslag av blåskjel, kamskjel, for ikkje å snakka om østers. ”Me et ikkje agn”, sa strilane. Ufisk som steinbit, breiflabb og skate var heller ikkje vanleg på bordet, og hamna som regel i sjøen igjen. Men det var før sjømatrestaurantane kom og gjorde alt dette til delikatesser. I dag kan Kysteventyret by på eit utal av smaksopplevingar frå hotdog med rekesalat på Ågotnes bensinstasjon til braissert steinbit på Cornelius sjømatrestaurant. Fisk, skjel og skaldyr, ja til og med tang, gjer øyriket vest for Bergen til eit ynda reisemål for sjømatentusiastar. På øyane og holmane beiter villsau som gir framifrå kjøt, med smak av lynghei, havsalt og frisk sjøluft. Strilalam er allereie på god veg til å bli ei verdfull og ettertrakta merkevare. Uansett kvar du benkar deg til bords, vert måltidet servert med havutsikt. I den vakre skjergarden finst gode, lokale serveringsstader der du nyta alt frå enkel norsk husmannskost og lokal tradisjonsmat til utsøkte restaurantmåltid, i ein gjestfri, avslappande og lun atmosfære.
KYSTEVENTYRET. DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN