Kaféar, catering og lokal mat

Kaféar, catering og lokal mat

Vil du møta kystkulturen i fortid og notid, skal du ta turen innom ein av dei lokale kaféane på Sotra/Øygarden. Her treff du taletrengde sjøulkar og selskapssjuke skuleelevar. Kaféen er eit spegelbilete av kystliv og kystkultur, serveringsstad, møtestad, utstillingslokale, butikk, konsertscene og arena for spanande historie og forteljingar. 


Copyright © Gaute Hatlem

Sund

Glesvær Kafé og Catering

Handelstaden Glesvær har vore fiskevær og møteplass sidan 1600 talet. Glesvær kafé er innreda med originalinteriør frå den gamle butikken frå rundt 1900. Nyt ein kopp kaffi i eksotiske, røffe lokaler og sug inn atmosfæren frå gamle dagar. Utsikta set deg 100 år tilbake i tid.
Adresse: Handelstaden Glesvær, 5381 Glesvær
Telefon: 56 33 90 80
E-post: bakeriet@holmakaien.no


Copyright © Kysteventyret

Fjell

Urtemakeriet

Nybakte varme brød fra vedfyrt bakerovn. Du er hjertelig velkommen til en annerledes handel og opplevelse.
Adresse: Porsvik Bruk, 5357 Fjell
Telefon: 92 88 13 62
E-post: kirsti@porsvik.com


Klyva kafé

Øygarden

Klyva kafé

Klyva kafé ligg på den fyrste øya i Øygarden - kun ei halv times køyretur frå Bergen sentrum. Tar du turen innom her finn du lokale smakar og godbitar, ei kopp kaffe og andre forfriskningar.
Adresse: Torsvik, 5337 Rong
Telefon: 94 28 89 20
E-post: cato@klyva.no


Copyright © Kysteventyret

Fjell

Public Café & Bar

Den moderne barkaféen på Ågotnes Hotell representerer ei ny side ved Sotra. Her er det oljealderen sin internasjonale stil som dominerer i interiør, atmosfære og artist-musikktilbod. Public serverer lokal frukost, lunsj og middag, men er framfor alt møteplass for urbane technostrilar, gjerne med tilknyting til oljemiljøa på CCB, Nutec og NCE Subsea. Kaféen har alle rettigheiter og er eit flott selskapslokale for mindre grupper.
Adresse: Ågotnes Hotell, 5363 Ågotnes
Telefon: 56 31 55 10
E-post: resepsjon@agotneshotell.no


Øygarden

Rong kafé

Det er ikkje berre i engelske pubar du finn “gjengangarar” på sin faste plass, til same tid, kvar dag. På Rong kafé er stamgjestane innom dagleg for å slå av ein prat, høyra nytt og servera ei historie eller fiskeskrøne. Her er kafélivet meir basert på sjarm enn snobberi. Maten er enkel og god. Heimelaga rettar, varme og kalde. Raspeball, kålrabistappe og saltkjøt kvar torsdag. På Rong kafé er det triveleg å eta og ha møte og selskap. Servicen er god og personleg, ivaretatt av same vertskap som har drive kaféen i over 20 år.
Adresse: Rong Senter, 5337 Rong



DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, Trollhaugmyra 15, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete