Restaurantar

Restaurantar

© Cornelius Sjømatrestaurant

Kunne du tenke deg eit restaurantbord omgitt av, ikkje høge husfasadar, ein straum av travle menneske og støyande trafikk, men av ope hav, frisk sjøluft og bølgje-skvulp? Har du smakt alt av restaurantmat, ligg det framleis nye oppdagingar og ventar på deg her ute. Eksotiske sjømatopplevingar er berre ein halvtime unna.

 


Copyright © Cornelius

Bergen

Cornelius Sjømatrestaurant

På ein holme i skjergarden utanfor Bergen finn du ein av dei beste sjømat-restaurantane i Noreg. Cornelius har verdas beste råvarer rett utanfor døra. Her kan du bli servert saman med kjende matjournalistar ein dag, og neste gong kan du hamna på nabobordet til Maradona eller Neil Young.
Adresse: Postboks 27, 5174 Mathopen
Telefon: 56 33 48 80
E-post: booking@cornelius.as


Copyright © Gaute Hatlem

Sund

Glesvær Kafé og Catering

Handelstaden Glesvær har vore fiskevær og møteplass sidan 1600 talet. Glesvær kafé er innreda med originalinteriør frå den gamle butikken frå rundt 1900. Nyt ein kopp kaffi i eksotiske, røffe lokaler og sug inn atmosfæren frå gamle dagar. Utsikta set deg 100 år tilbake i tid.
Adresse: Handelstaden Glesvær, 5381 Glesvær
Telefon: 56 33 90 80
E-post: bakeriet@holmakaien.no


Copyright © Kysteventyret

Fjell

Public Café & Bar

Den moderne barkaféen på Ågotnes Hotell representerer ei ny side ved Sotra. Her er det oljealderen sin internasjonale stil som dominerer i interiør, atmosfære og artist-musikktilbod. Public serverer lokal frukost, lunsj og middag, men er framfor alt møteplass for urbane technostrilar, gjerne med tilknyting til oljemiljøa på CCB, Nutec og NCE Subsea. Kaféen har alle rettigheiter og er eit flott selskapslokale for mindre grupper.
Adresse: Ågotnes Hotell, 5363 Ågotnes
Telefon: 56 31 55 10
E-post: resepsjon@agotneshotell.no


Copyright © Kysteventyret

Øygarden

Restauranten på Hellesøy

Restauranten ligg vakkert til ytst på Hellesøy, like ved Hellesøy Gjestehus og Hellesøy Brygge. Herfrå har du storslagen utsikt over Hjeltefjorden og Fedjeosen. Restauranten på Hellesøy er ein naturleg stoppestad for alle som er på dagstur til Hellesøy eller Hernar. Her får du god mat og drikke frå ein enkel, men velassortert meny. Frå vindauga kan du på klåre dagar sjå heilt til Sognefjorden. Vi legg til rette for kurs, konferansar, teambuilding, blåtur, firmafestar og private arrangement med spanande utflukter og aktivitetar.
Adresse: 5334 Hellesøy


Copyright © Kysteventyret

Øygarden

Restauranten, Blomvåg Fjordhotell

Skjergardsrestaurant med ekte, norsk husmannskost av ypparste kvalitet. Her får du velsmakande lokalmat basert på gode råvarer og gamal, norsk mattradisjon. Restauranten ligg flott plassert med utsikt over havet og hotellet sitt bryggeanlegg. Om sommaren fungerer bryggeanlegget som maritim uterestaurant med båtliv, frisk sjøluft og alle rettigheiter.
Adresse: Blomvågnes, 5337 Rong
Telefon: 56 38 28 50
E-post: resepsjon@blfh.no



DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, Trollhaugmyra 15, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete