Annonser



Skriv utSkriv ut

Nordsjøfartmuseet i Telavåg - Museum Vest


GPS koordinater
Breddegrad: 60.254409533
Lengdegrad: 4.9891881820
Avstander
Sentrum38 Km
Transportbeskrivelse
Buss: Linje 450-459 fra Busstasjonen
Bil: Følg rv. 555 fra Bergen mot Sotra og til Telavåg. Ca. 45 min.
Veibeskrivelse

Følg RV555 frå Bergen og ta til venstre i rundkøyringa etter Kolltveittunnelen. Køyr rett fram forbi Fjell, Tellnes, Skogsvågskiftet og Hammarsland. Ta til høgre rett etter Kørelen, eit stort vatn på høgre side, og følg skilt mot Telavåg. Nordsjøfartmuseet ligg på venstre side før Telavåg. Køyretid frå Bergen er ca. 40 min.

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

Kafé


MICE Konferansefasiliteter

Grupperom, Konferanserom


Kontakt
Adresse:
Nordsjøfartmuseet
5380 Tælavåg

Telefon56 32 74 40
E-postnordsjofartmuseet@museumvest.no
Webwww.museumvest.no


Beskrivelse

Fram til 1942 var Telavåg eit lite og ukjent fiskarsamfunn ytst ved kysten. Her var modige innbyggjarar og sjøfolk som var vande med havet. Med andre ord var dette ein perfekt stad for Nordsjøfarten, den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen. Dette skulle bli Telavåg sin skjebne. Ein aprildag i 1942 kom to agentar over frå Storbritannia, dei vart haldne i skjul i Telavåg. Ein angjevar fekk snusen i dette og varsla Gestap. Då dei kom til Telavåg vart det kamp. Den eine av dei norske agentane og to Gestapo-offiserar vart drepne. Nokre dagar seinare tok den tyske okkupasjonsmakta ein grusom hemn, kvart einaste hus, uthus og naust vart sprengde. Kvinner, barn og eldre vart først internerte på Storetveit i Bergen, seinare på Framnes i Hardanger. Alle mennene mellom 16 og 60 år vart sende i tyske konsentrasjonsleirar, nesten halvparten av dei kom aldri tilbake.

Museet har ny fast utstilling om Telavågtragedien og Nordsjøfarten under andre verdskrigen, samt skiftande utstillingar med fokus på krig- og fredproblematikk.  I tillegg kan ein sjå film om Telavågtragedien og fordjupe seg i eit digitalt bibliotek. Museet er og  ein minnestad for dei falne frå Telavåg. Ved hjelp av mobilapplikasjonen «Virtuell vandring i Telavåg» kan ein bli guida rundt til dei historiske stadene i Telavåg. 

Fasilitetar

Museet har auditorium, møterom, ein eigen museumskafe-  og butikk. Staden er dermed også eigna for konferansar, seminar, møte, konsertar o.s.b.

Priser

Periode

Type

Pris fra

01.02.2013 - 31.10.2013Fri entréBarn0,00
01.02.2013 - 31.10.2013EntreVoksen50,00
Tider
01.02.2013 - 31.10.2013Søndag12:00-17:00
01.05.2013 - 31.08.2013Mandag - Lørdag11:00-16:00
Relaterte produkter
Copyright © Museum Vest Nordsjøfartmuseet

Sund

Vestlandsforteljinga: Frå notbu til hytteparadis i Telavåg

Frå Nordsjøfartmuseet i Telavåg går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet. Dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse...
Adresse: 5380 Tælavåg
Telefon: 56 32 74 40
E-post: nordsjofart@museumvest.no

Copyright © Øystein Eriksen

Sund

Havørnsafari

Lokkemat og open båt. Bli med på havørnsafari gjennom skjergarden heilt ute ved storhavet. Målet er nærkontakt med Nord-Eurpoas største rovfugl.
Adresse: Nipa, 5380 Tælavåg
Telefon: 91170954
E-post: kontakt@havorn.no

Copyright © Gaute Hatlem

Sund

Glesvær Kafé og Catering

Handelstaden Glesvær har vore fiskevær og møteplass sidan 1600 talet. Glesvær kafé er innreda med originalinteriør frå den gamle butikken frå rundt 1900. Nyt ein kopp kaffi i eksotiske, røffe lokaler og sug inn atmosfæren frå gamle dagar. Utsikta set deg 100 år tilbake i tid.
Adresse: Handelstaden Glesvær, 5381 Glesvær
Telefon: 56 33 90 80
E-post: bakeriet@holmakaien.no

Copyright © Ole Jacob Abraham

Fjell

Fjell Festning - Museum Vest

Festung Norwegen. I 1942 gav Hitler ordre om å byggja Atlanterhavsvollen, eit 2.685 km langt, samanhengande kystforsvarsverk som strekte seg frå Nordishavet til Pyreneane. Føremålet med festningsverket var å forsvara tysk-okkupert Europa mot invasjon frå Storbritannia.
Adresse: Festningsvegen, 5357 Fjell
Telefon: 56 33 54 54
E-post: post@museumvest.no


visitBergen.com
Bergen Reiselivslag • Bergen Tourist Board • Slottsgaten 3 • Postboks 4055 Sandviken • 5835 Bergen, Norge