Bjella, som frå før er kjent som vokalisten i bandet Tolv Volt kom sist vinter ut med soloplata "Heidersmenn".
Musikkmeldarane trilla både femmarar og seksarar på terningane sine, og pressa skreiv m.a.: "Stein Torleif Bjella er bosatt i Øvre Ål, hvor han skriver sine sanger, legger ned rakfisk, driver med shetlandshestavl og jobber i lokalavisa. Med Heidersmenn gjør Tolv Volt-vokalisten sin solodebut, etter kraftig påtrykk fra produsent og DumDum Boys-gitarist/låtskriver Kjartan Kristiansen. Der Tolv Volt representerer den mer klassiske rocketradisjonen, tar Bjella det et par solide hakk ned når han opptrer under eget navn. Selv kaller han sjangeren enkelt og greit 'mann med gitar'."
Stein Torleif skriv enkle, fengande låtar, der dei tidvis humoristiske tekstane ofte ber preg av ein djupare og meir alvorsam undertone. Fleire av songane hans har vore mykje spelt på radio, og han har óg vore å sjå på TV, m.a. både på Grosvold og Sommeråpent. Det vanka dessutan ein del festivaljobbar sist sommar, der høgdepunktet kanskje var å dela plakat med Neil Young på Norwegian Wood..
- fra www.bergenjazzforum.no