Annonser



Annonse for Fjord Tours

Bannerannonse fra Fjord Line




Radisson Blu Hotel Norge










			Skriv ut
		Skriv ut

Ambrosia Tønnesen - stenhugger i det fine


Kart

GPS koordinater
Breddegrad: 60.270551395
Lengdegrad: 5.3210198879
Avstander
Sentrum15 Km
Veibeskrivelse
Buss: Linje 20/560
Kontakt
Sted
Hordamuseet

Adresse:
Hordnesveien 24
5244 Fana

Telefon55 11 29 00
Faks55 11 29 01
E-postpost@horda.museum.no
Webwww.bymuseet.no


Beskrivelse

Ambrosia Tønnesen (1859-1948) var den første kvinnelege bilethoggaren i Noreg. Ambrosia var ei kvinne som valde annleis, både når det gjaldt yrke, interesser, familieliv, klesstil og utsjånad. Ho var sjølvstendig, modig og original, ei som skilde seg ut i mengda.

Det er ei stor glede at Bymuseet har fått høve til å lage ei utstilling om Ambrosia nettopp på Hordamuseet. Bustaden hennar, Runeplassen, vart flytta hit og attreist på museumsområdet i 1995.

Ambrosia debuterte i Bergen i 1884, og drog deretter til København, Berlin og Paris for å utvikle seg vidare som kunstnar. Det var ikkje lett å verkeleggjere kunstnardraumen på slutten av 1800-talet, særleg ikkje for ei kvinne. Ho gjorde det heller ikkje lett for seg då ho valte å satse på skulptur, som innebar mykje tungt arbeid. Hennar talent, i kombinasjon med indre styrke og pågangsmot, gav grunnlag for ein solid kunstnarkarriere.

Ambrosia var ein gåverik bilethoggar, kjend og respektert i si samtid. Ho var arbeidsam, teknisk dyktig og formsikker. Først og fremst er ho kjent for sine talrike portrett av historiske personar og framståande borgarar, mange av dei så naturtru og uttrykksfulle at dei nesten verkar levande. Hennar største verk er J.C. Dahl-monumentet i fasaden på Permanenten og Ole Bull-statuen i vestibylen på Den Nationale Scene.

Ambrosia var aktiv som kunstnar like til ho døydde i 1948. Trass ein lang og produktiv kunstnarkarriere, har ho fått liten plass i kunsthistoria, truleg fordi ho har etterlate seg få monumentale verk, og ingen banebrytande, avantgardistiske arbeid.

Ho hadde ikkje mangel på suksess. Tvert imot. Ambrosia sine arbeid var veldig populære, ho fekk mange oppdrag, og tente godt. Ho hadde ein kundekrins og eit miljø som verdsette talentet hennar, og ho hadde tette band til eliten i samfunnet.

Om ho ikkje sette så djupe fotavtrykk i kunsthistoria, let ho likevel etter seg mange spor. Det finst ei mengd skulpturar av henne både i Bergen og elles i landet, både i det offentlege rom, i offentlege bygningar og private heimar.

I utstillinga kan ein sjå eit utval av Ambrosia sine skulpturar frå ulike tider, og mange bilete frå karrieren og privatlivet hennar. Ein kjem dessutan tett på menneska ho kjende og respekterte, og miljøa ho ferdast i.

Utstillinga byggjer i stor grad på Jorunn Veiteberg sin biografi om Ambrosia Tønnesen, som kom ut på Pax Forlag i 2009. Dei som ønskjer å lære meir om Ambrosia vil ha stor glede av denne boka.

- fra www.bymuseet.no

Priser

Periode

Type

Pris fra

13.06.2010 - 27.03.2011Fri entré Barn  
13.06.2010 - 27.03.2011Entre Voksen 60,00
13.06.2010 - 27.03.2011Entre Student 30,00
Tider
13.06.2010 - 27.03.2011Tirsdag - Fredag12:00-15:00
01.09.2010 - 27.03.2011Søndag12:00-16:00
Relaterte produkter
Copyright © Hordamuseet - Bymuseet i Bergen

Bergen

Hordamuseet - Bymuseet i Bergen

Folkemuseum for fiske, jordbruk, veghistorie, kunst og håndverk. Faste og skiftende utstillinger. Ny fast utstilling: "Brød av stein, ånd av strile...", Fiskebonden gjennom 1000 år. Bygningshistorisk avdeling og arkeologiske funn på museumsområdet.
Adresse: Hordnesveien 24, 5244 Fana
Telefon: 55 11 29 00
E-post: hordamuseet@bymuseet.no


visitBergen.com
Bergen Reiselivslag • Bergen Tourist Board • Slottsgaten 3 • Postboks 4055 • 5835 Bergen, Norge