Slottet er Modalen og Hordaland sitt svar på Preikestolen – ei klippeblokk som kneisar loddrett 200 meter over Mofjorden. Ei luftig oppleving med storslått utsikt både innover mot Mo og utover fjorden.
Opplev idylliske Otterstadstølen, eit unikt stølsmiljø som ligg i eit landskapsverneområde. Stølen vart sett opp på midten av 1800-talet og var i drift fram til 1962. I alt er det åtte sel og uthus på stølen, nokre av dei i to høgder.
Vandring langs Moelva. I Modalen går det ei ferdsleåre frå Mofjorden og inn til fjellbygda Nygard – fleire av etappane på flott skogsveg langs elva.
Stien opp frå Mo til Motødna er bratt og smal, men tek du utfordringa, vert du belønna med ein storslått utsikt over Mo, Otterstad og Mofjorden. Går du ruta vidare kjem du til Mostølen og kan derifrå velgje ei alternativ rute tilbake til Mo.
Stølsheimen er eit av dei vakraste utferdsområda vi har på Vestlandet. Modalen er ein naturleg startstad for turar inn i området – eit område med lita trengsle, sjølv i høgsesongen.
Det veks ikkje lenger alm i almelia, men ruta til stølen går gjennom blandingsskog med hovudvekt av gran og furu og seinare bjørk. Dette er ein av dei lettast tilgjengelege stølane i dalen, og sjølv om det kan vere ei og anna bratt kneik, er du oppe på rundt 45 min.
Stien opp til Nedstavatnet er ein eldre ferdsleveg som gardane på Mo og Otterstad brukte for å ta dyra til fjells om sommaren. I dag er det ein mykje brukt tursti som tek deg til toppen av Kvernhusfossen med flott utsikt utover Mofjorden eller inn til turlagshytta Skavlabu.
Som namnet tyder, ligg denne stølen i den solvendte lia. Sollidstølen var vårstøl til fleire av gardsbruka på Farestveit. Stølinga vart avslutta på 1950-talet og sidan forfall husa, men eit av dei er no bygd opp att like ved der stølen opphavleg sto.