Nyttige lenker
 

Mobryggja er staden for mat- og kunstglede i Modalen – ein stad med høg kvalitet på både mat, overnatting og service.

 

Fjord Lodge er ein familiedriven Bed and Breakfast med koseleg og avslappa atmosfære, 3 km frå Mo sentrum.

 

Aktivitetshuset Bryggjeslottet ligg fint til ved båthamna på Mo og kan skilta med symjebasseng, sauna, bowlingbane, idrettshall, treningsrom og bibliotek.

 

Aktiv i Modalen tilbyr opplevingar for heile familien i Modalsfjella og Stølsheimen. Guida turar, lokal tradisjonsmat, overnatting i stølshus, leige av sykkel, soppkurs og hjortesafari.

 

Atelier Midtun er arbeidsstad og utstillingslokale for biletmakaren Jarle Midtun i Mo sentrum.

 

Velkommen til Modalen

Opplev den trolske naturen frå fjord til høgfjell. Modalen har mange flotte og godt merka vandreruter. Berre 1 time i bil frå Bergen finn du fine turar for store og små.

Modalen Kommune - Liten kommune. Stor kraft!
Vandring i Modalen
Slottet

Slottet

Slottet er Modalen og Hordaland sitt svar på Preikestolen – ei klippeblokk som kneisar loddrett 200 meter over Mofjorden. Ei luftig oppleving med storslått utsikt både innover mot Mo og utover fjorden.



Otterstadstølen

Otterstadstølen

Opplev idylliske Otterstadstølen, eit unikt stølsmiljø som ligg i eit landskapsverneområde. Stølen vart sett opp på midten av 1800-talet og var i drift fram til 1962. I alt er det åtte sel og uthus på stølen, nokre av dei i to høgder.



Copyright © Magne Sandnes

Tursti Otterstad – Helland

Vandring langs Moelva. I Modalen går det ei ferdsleåre frå Mofjorden og inn til fjellbygda Nygard – fleire av etappane på flott skogsveg langs elva.



Utsikt sentrum Motødna

Motødna – Mostølen

Stien opp frå Mo til Motødna er bratt og smal, men tek du utfordringa, vert du belønna med ein storslått utsikt over Mo, Otterstad og Mofjorden. Går du ruta vidare kjem du til Mostølen og kan derifrå velgje ei alternativ rute tilbake til Mo.



Skilt Modalen vandring

Stølsheimen

Stølsheimen er eit av dei vakraste utferdsområda vi har på Vestlandet. Modalen er ein naturleg startstad for turar inn i området – eit område med lita trengsle, sjølv i høgsesongen.



Almelidestølen

Almelidstølen

Det veks ikkje lenger alm i almelia, men ruta til stølen går gjennom blandingsskog med hovudvekt av gran og furu og seinare bjørk. Dette er ein av dei lettast tilgjengelege stølane i dalen, og sjølv om det kan vere ei og anna bratt kneik, er du oppe på rundt 45 min.



Skavlabu

Nedstavatnet og Skavlabu

Stien opp til Nedstavatnet er ein eldre ferdsleveg som gardane på Mo og Otterstad brukte for å ta dyra til fjells om sommaren. I dag er det ein mykje brukt tursti som tek deg til toppen av Kvernhusfossen med flott utsikt utover Mofjorden eller inn til turlagshytta Skavlabu.



Sollistølen

Sollidstølen/Tringstølen

Som namnet tyder, ligg denne stølen i den solvendte lia. Sollidstølen var vårstøl til fleire av gardsbruka på Farestveit. Stølinga vart avslutta på 1950-talet og sidan forfall husa, men eit av dei er no bygd opp att like ved der stølen opphavleg sto.



visitBergen.com
Bergen Reiselivslag • Bergen Tourist Board • Slottsgaten 3 • Postboks 4055 Sandviken • 5835 Bergen, Norge