Featured Video Play Icon

Den vesle prinsen

Den vesle prinsen

210

29.03.2023

Ny versjon av ein høgt elska barnebokklassikar

På jorda krasjlandar ein pilot i ein ørken. På ein annan planet forelskar ein liten prins seg i ei trassig rose. Når denne piloten og prinsen møtes blir verda deira endra for alltid.

Illustrasjon av en karakter kjent som den lille prinsen som står på en planet med stjerner i bakgrunnen og tittelen "den vesle prinsen.

Om forestillingen

Av Antoine de Saint-Exupéry,
dramatisert av Annika Silkeberg
Regi: Annika Silkeberg
Premiere 9. februar, Store Scene

Varighet: ca 90 minutt
Passer best frå 6 år

«Den vesle prinsen» tek oss med på ei reise til ulike planetar der vi møter ein herskesjuk konge utan undersåttar, ein forretningsmann som vil eige alle stjernene, ein drankar som drikk for å gløyme kvifor han drikk, ein geograf som aldri forlet pulten sin og ein lyktemann fastlåst i umoglege arbeidsinstruksar. Alle verkar fanga i ubegripelege oppgåver, og ute av stand til å sjå utanfor seg sjølv. Prinsen får nye tankar om kva som er viktig.

Det blir sagt om «Den vesle prinsen» at det er den klokaste og mest underfundige forteljinga nokosinne om kjærleik og sakn. Dei vaksne skjønnar aldri noko av seg sjølv, og det er utmattande for barn å måtte forklare alt mogeleg for dei heile tida. Men løyndomen er veldig enkel: «Det er berre med hjarte ein ser godt. Det viktigaste er usynleg for auga.»

Les mer

Dette er ein ny versjon av ein høgt elska barnebokklassikar, basert på Jon Fosse si omsetting av originalteksten. Husregissør Annika Silkeberg har laga eit leikent og visuelt slåande univers med eventyrlege karakterar som inviterer til undring og glede både hos barn og vaksne.

Kjøp billetter

+ Se flere datoer

Bilder

Medvirkende

Se alle medvirkende

Regissør: Annika Silkeberg
Scenografi og kostymedesignar: Rebekka Bentzen
Komponist – og videodesignar: Fredrik Arsæus Nauckhoff
Lysdesignar: Anne Bergendahl
Dramaturg: Idun Vik

Inspisient: Kjell Arve Vorland
Kostymeansvarleg: Gjertrud Solttun
Maskør: Tonje Mari Ingvaldsen
Sceneteknisk ansvarleg: Rune Hovde
Lysmeister: Rune Kjelby
Lydteknikkar: Rune Bjorøy
Rekvisitør: Magnus Holm, Sissel Hamre
Videoansvarleg: Einar Bjarkø
Songpedagog: Daniel Norum
Påkledar: Simen Mustvedt
Sufflør: Britney Elise Sudmann-Mack
Voice over: Alma Bergsvåg Vik

Relatert innhold

Podkast: Samtale om den vesle prinsen og luftens poet

Skribentene Sandra Lillebø og Jan H. Landro har begge et stort hjerte for den vesle prinsen og hans skaper. Her ...

25.03: PopLab: Gratis formingsverksted for hele familien

Vil du lage en rose som minner om bestevennen til Vesle prinsen eller morsomme dyr og rabletegninger som Lille Bert? ...

Gavekort

Gi teatermagi i gave! Du bestemmer selv beløpet du vil gi.

Nyhetsbrev

Få rykende fersk informasjon og de beste tilbudene først.

Teatertjommi

For deg mellom 18 og 30 år. Forestillinger til 50 % rabatt, og mer!