Kystliv
1 | 2 |
3 |
4
Eit landskap skapt for strid, strev og strilar.
I lune vikar slo dei seg ned, nær opp til dei gode fiskeplassane. Bygde båt, bryggjer og naust. Fisken dei ikkje åt sjølve, selde dei byen. Men å få fisken fersk til byen med segl- og robåt var ikkje enkelt. Difor bygde dei saltebuer og fiskemottak. Hit kom det mange og leverte fisk. Det la grunnlag for krambu, skjenkestove, bakeri, losji, post og telegraf. Slik vaks det fram små kystsamfunn, fiskevær og handelstader, som ligg der den dag i dag.
Etter 1900 gjorde utviklinga tre hopp som fekk stor innverknad på det gamle fiskarsamfunnet og kystkulturen. Med båtmotoren gjekk det raskare å frakte fisk til byen. Saltebuene vart overflødige. Når bilvegane kom flytta butikkane etter og opp frå sjøen. Samstundes gjorde oljeeventyret sitt inntog i øyriket. Fiskarar vart oljearbeidarar. Fiskebåten fekk selskap av oljeriggen. Folk kunne leva av både fiskelukke og undervassteknologi, og øyriket vart ein attraktiv arbeidsplass. Bergensarar strøymde til og vart strilar. Havstrilen vart urban teknostril.