OPPDAG KYSTEVENTRET
Adnestova-from top

Oppdag Sæle!

Bare en time fra Bergen ligger Sæle. Her kan du oppdage levekårene for norske fiskere fra 1800-tallet, besøke den største lyng hagen i Norge, vandre stier og nyte fantastisk utsikt over fjordene



ØYGARDEN - Det Utrulege Øyriket

Eit halvt steg med sjumilsstøvlar, så er du i Øyriket.

FJELL - Det Fargerike Kystlivet

Det vakre kystlandskapet kan sjå stille og roleg ut, men mellom knausane flaksar det rasande fartstroll som kastar gjørme på kvarandre.

SUND - Det Hemmelege Havlandet

Det kan høyrest ut som eventyr frå ei anna verd, men dei treng slett ikkje overdrive dei som tar ein ferietur til Sund.

Norge rett i lomma

Ny gratis applikasjon for iPhone og Android viser deg overnatting, aktiviteter, arrangementer, spisesteder og attraksjoner - der du er. Helt genialt!

Kva skjer no
Copyright © Magne Åhjem

Telavågtragedien 1942

Museum Vest Nordsjøfartmuseet i Telavåg Museet har ny fast utstilling om Telavågtragedien 1942 og Nordsjøfarten 1940-1945. Digitalt bibliotek. Film om Telavågtragedien.
04.05.2012 - 31.08.2012 (11:00 - 16:00)
04.05.2012 - 31.08.2012 (12:00 - 17:00)



Copyright © Sykkel NM

Sykkel NM Bergen 2012

Program: 17/6 NM Fellestart Åsane U23, M/K Junior 19/6 NM Lagtempo Rong, Øygarden M-Junior, Kvinner, M-Senior 21/6 NM Tempo Rong, Øygarden M/K-Junior, M/K-Senior 22/6 NM Gateritt Bergen sentrum M/K-Junior, M/K-Senior 24/6 NM Fellesstart Åsane...
17.06.2012 - 24.06.2012 (00:00 - 00:00)



Copyright © Margrethe Kallestad

Vestlandsforteljingar

Vestlandsforteljingar kan opplevast på Sotra og i Øygarden. Forteljingane kan tingast heile året og forteljaren vil ta deg med i ei historie som gjev deg ei oppleving av kystsamfunnet på ein ny og spanande måte.



HAVKAJAKKPADLING

Reiselivsbransjen klatrar i Øygarden

Det er veldig kjekt at me får vist oss fram som destinasjon, seier prosjektleiar Line Steinsland Mosnes i Kysteventyret.

Vestnytt

 

Klar med selvbetjent festning

Panorama hotel

Søndag kan skuelystne for første gang vandre på egenhånd ned i kanonbrønnen.

Vestnytt

Stjålne rakstokkar: ni menn dømt

Fengsel

 

Fem dagar fengsel på brød og vatn for manglande rapportering av rakfunn

Milliongåve vert ny Telavåg-utstilling

Panorama hotel

 

Ei milliongåve frå no avlidne Mette Mohn gjer at Museum Vest i desse dagar byggjer ny hovudutstilling om Telavåg si tragiske historie.

Vestnytt

Iron Maiden på makrellfiske

Frontfiguren i Iron Maiden, Steve Harris, visste ikke helt hva han hadde sagt ja til da han gikk om bord på båten «Sea More» på Bryggen i går. Det viste seg å være makrellfiske.

Bergens Tidende

 

 
Copyright © Klyva AS

Klyva

Er du klar for spanande vandreeventyr over forsteina kvalryggar, djupe rumpe-sprekker og samanrulla kjempetroll? Har månader med lekselesing gjort deg sugen på paintballkrig, lavvoliv og fysiske basketak i villmarka? Klyva er eit opplevings-firma som brukar kystnaturensom "fornøyelesepark" for alle som vil ha godt av å lufta seg.



Copyright © Margrethe Kallestad

Vestlandsforteljingar

Vestlandsforteljingar kan opplevast på Sotra og i Øygarden. Forteljingane kan tingast heile året og forteljaren vil ta deg med i ei historie som gjev deg ei oppleving av kystsamfunnet på ein ny og spanande måte.



Kolltveit  Hele baneanlegget

Kobbeltveit Golf & Naturpark

Suset av ein driver gjennom skjergarden. Ballen som lyser kvitt mot den blå havranda, før den forsvinn bak ein naken bergrygg. Utslag i frisk sjøluft, putting på lyngheia. Golf i kupert kystlandskap er ei flott oppleving som du kan unna deg ofte. Avstanden frå Bergen er ikkje lenger enn at du kan vera advokat før lunsj og golfspelar etterpå. Velkomen til Kobbeltveit golf- og naturpark.



Copyright © Øygarden Visningssenter As. Fotograf Morten Wanvik

Øygarden Visningssenter

Har du nokon gong blitt vist rundt på ein flytande laksefarm? Vi lover at det er ei fascinerande oppleving for alle som er interessert i det store norske sjømateventyret. Tenk deg når havet kokar av 100.000 sprelske aurar som får frokost!



Copyright © Jon Fjeldstad/Fotoarkivet.no

Ressurshistorietur

10 000 år. Bli med til Kystmuseet, sjøbruksmiljøet i Ovågen og oljeteknologianlegga på Kollsnes for ei spanande reise gjennom ressurshistoria til Øygarden.



Copyright © Laurøy AS

Lauvøy Feriesenter

Lauvøy ligger idyllisk til på vestsiden av Askøy, som første øy etter Ramsøybroen. Dette skal bli et fantastisk feriesenter med rorbuer, båtplasser og sjøbad. Det planlegges også en flott sandstrand, gode parkeringsmuligheter, kaianlegg og ikke minst flotte selskapslokaler. Vi ønsker dere velkommen til Askøys vakreste perle!



Copyright © Vigleik Røkke Mathisen

Kystmuseet i Øygarden - Museum Vest

10 000 år. Kystmuseet i Øygarden er eit økomuseum for kystkulturen. Her kan du følgja livet til kystmenneska i Øygarden frå istida og fram til i dag. Museet si hovudutstilling, «Hav og vind - jord og eld», tek for seg energibruk og ressursutnytting i eit typisk kystsamfunn gjennom 10 000 år.



Copyright © Gaute Hatlem

Glesvær Kafé og Catering

Handelstaden Glesvær har vore fiskevær og møteplass sidan 1600 talet. Glesvær kafé er innreda med originalinteriør frå den gamle butikken frå rundt 1900. Nyt ein kopp kaffi i eksotiske, røffe lokaler og sug inn atmosfæren frå gamle dagar. Utsikta set deg 100 år tilbake i tid.



Copyright © Pål Hoff

Nordsjøfartmuseet i Telavåg - Museum Vest

Gestapo sin hemn. Den 30. april 1942 vart det vesle kystsamfunnet Telavåg jevna med jorda. Då hadde tyskarane oppdaga kva rolle bygda i havgapet spela i den illegale båttrafikken over Nordsjøen. Drapet på ein norsk agent og to Gestapo-offiserar utløyste Telavågtragedien, eit av krigens verste brotsverk.



Copyright © Kysteventyret

Galeasen Loyal

Bli med attende til seglskutetida og opplev korleis det var å ferdast på havet med rein vindkraft. ”Loyal” av Sotra er den eldste galeasen i verda som seglar framleis. Vil du bort frå motordur og moderne stresstilvære, kan du sitja på luka og dingla med beina, venta at vinden skal ruska i segla og gi deg det stille suset av båtbaug som pløyer seg gjennom havspeglet.



Copyright © Ole Jacob Abraham

Fjell Festning - Museum Vest

Festung Norwegen. I 1942 gav Hitler ordre om å byggja Atlanterhavsvollen, eit 2.685 km langt, samanhengande kystforsvarsverk som strekte seg frå Nordishavet til Pyreneane. Føremålet med festningsverket var å forsvara tysk-okkupert Europa mot invasjon frå Storbritannia.



Copyright © Cornelius

Cornelius Sjømatrestaurant

På ein holme i skjergarden utanfor Bergen finn du ein av dei beste sjømat-restaurantane i Noreg. Cornelius har verdas beste råvarer rett utanfor døra. Her kan du bli servert saman med kjende matjournalistar ein dag, og neste gong kan du hamna på nabobordet til Maradona eller Neil Young.



Copyright © Turbuss Vest

Turbuss Vest - Bussturar

Bussturane til Kysteventyret er ei oppleving i seg sjølv. Undervegs kan du nyta synet av eit eineståande vakkert og variert kystlandskap. I dag kan du køyra dit du for ein mannsalder sidan berre kunne koma med båt. Turen går over luftige bruer mellom øyane, over vakre straumar og smale sund. Mellom klipper og knausar snor vegen seg fram, langs lyngheier, blenkjande vatn, nakne berg og våtmarksområde. Med lokale sjåførar får du interessante reiseopplevingar, gjerne krydra med lokale historier og spanande hendingar.



Copyright © Øystein Eriksen

Havørnsafari

Lokkemat og open båt. Bli med på havørnsafari gjennom skjergarden heilt ute ved storhavet. Målet er nærkontakt med Nord-Eurpoas største rovfugl.



DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, Trollhaugmyra 15, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete