Spanande, sjølvopplevde historier
Destinasjon Sotra/Øygarden er eit fascinerande reisemål for alle som ønskjer ein aktiv, opplevingsrik ferie. Hav og kystlandskap byr på eit stort og variert opplevings-tilbod. 15 minutt frå Bergen ligg ein havkajakk og ventar. Ein halvtime frå Bryggen er du attende i ein krigslabyrint frå 1942. Ein liten time frå Grieghallen nappar det tungt i fiskesnøret. Her ute er ferien full av spanande historier; ekte, nære og sjølvopplevde. Med Kyst-eventyret kan du kombinera storbyliv med store naturopplevingar.
Følg riksveg 555 ut av byen.
KYSTEVENTYRET. DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN