Fisken var livsgrunnlaget for folket på kysten. I 1870-åra vart det på Langøy bygd salteri for sild og makrell. Båttafikken la grunnlag for losji, skjenkestove, bakeri, brevhus og krambu her ute. På Langøy var det liv og kommers i over hundre år, med opne dører frå den første kunden kom om morgonen til den siste gjekk om kvelden. Når lyden av åretaka frå den siste kunden vart borte, vart tobakksrøyken lufta ut, spytte-bakkane tømde, golvet vaska og disken rydda til neste dag. Atmosfæren frå denne tida kan framleis opplevast i sjøhusa på Langøy, når folk samlast frå fjern og nær til dei årlege marknadsdagane i kystkultursenteret.