Turbuss Vest er stasjonert i Straume Næringspark på Sotra, og er spesialist på ferie- og fritidsreiser i inn – og utland. Selskapet vart starta og vert drive av Jostein Nesse, som har over 20 år erfaring i bransjen. Turbuss Vest har eit stort utval av moderne turbussar og minibussar for utflukter, sightseingturar, firmaturar, skoleturar og andre opplevingsreiser. Saman med Kysteventyret kan vi tilby flotte opplevingsturar for alle som vil kombinera storbyoppleving med spanande kystopplevingar. Turane byr på spektakulære reiseruter, servering, omvisning, historieforteljing og guiding av erfarne, lokalkjende reiseleiarar.
Turbuss Vest har følgjande fasilitetar å tilby ferie- og fritidsreisande:
- 30 lukseriøse turbussar med plass til inntil 83 reisande. Dette er bussar av topp kvalitet, med aircondition, guideanlegg, toalett, DVD-spelar, flatskjermar, kjøleskap og minikjøkken. Turbuss Vest kan også tilby ein 35 seter med alle fasilitetar, bortsett frå toalett.
- 18 minibussar med inntil 23 sitteplassar og fem Caraveller med plass til inntil ni passasjerar.
- To stk. V.I.P Limousine S-klasse Mercedes til bryllaup o.l (3-4 passasjerar).
- Ein Cadillac Limousine med seks sitteplassar for bryllaup, luksusturar og andre spesielle høve.
Turbuss Vest er også eigar av selskapet Hordabuss. Kvart år arragerar Hordabuss turar i inn- og utland.