Museer

Museer

Vil du sjå det enorme, underjordiske krigsanlegget inne i fjellet over Fjell? I Telavåg kan du koma tett innpå tragedien under krigen då heile bygda vart sprengt og brent.Vil du oppleva tider med torvbrenning og kvalfangst? Bli med på spanande museumsbesøk.


Copyright © Ole Jacob Abraham

Fjell

Fjell Festning - Museum Vest

Festung Norwegen. I 1942 gav Hitler ordre om å byggja Atlanterhavsvollen, eit 2.685 km langt, samanhengande kystforsvarsverk som strekte seg frå Nordishavet til Pyreneane. Føremålet med festningsverket var å forsvara tysk-okkupert Europa mot invasjon frå Storbritannia.
Adresse: Festningsvegen, 5357 Fjell
Telefon: 56 33 54 54
E-post: post@museumvest.no


Copyright © Vigleik Røkke Mathisen

Øygarden

Kystmuseet i Øygarden - Museum Vest

10 000 år. Kystmuseet i Øygarden er eit økomuseum for kystkulturen. Her kan du følgja livet til kystmenneska i Øygarden frå istida og fram til i dag. Museet si hovudutstilling, «Hav og vind - jord og eld», tek for seg energibruk og ressursutnytting i eit typisk kystsamfunn gjennom 10 000 år.
Adresse: Ovågen, 5337 Rong
Telefon: 56 38 50 50
E-post: kystmuseet@museumvest.no


Copyright © Pål Hoff

Sund

Nordsjøfartmuseet i Telavåg - Museum Vest

Gestapo sin hemn. Den 30. april 1942 vart det vesle kystsamfunnet Telavåg jevna med jorda. Då hadde tyskarane oppdaga kva rolle bygda i havgapet spela i den illegale båttrafikken over Nordsjøen. Drapet på ein norsk agent og to Gestapo-offiserar utløyste Telavågtragedien, eit av krigens verste brotsverk.
Adresse: Nordsjøfartmuseet, 5380 Tælavåg
Telefon: 56 32 74 40
E-post: nordsjofartmuseet@museumvest.no


Copyright © Jon Fjeldstad/Fotoarkivet.no

Øygarden

Ressurshistorietur

10 000 år. Bli med til Kystmuseet, sjøbruksmiljøet i Ovågen og oljeteknologianlegga på Kollsnes for ei spanande reise gjennom ressurshistoria til Øygarden. Telefon: 56 38 50 50
E-post: post@museumvest.no



DESTINASJON SOTRA/ØYGARDEN: Tel 56 32 02 00. Email Kysteventyret Postadr. Kysteventyret, Trollhaugmyra 15, N-5342 Straume, Norway.

Site design / webmaster: Ctrl Alt Delete