Modalen er perla inst i Osterfjorden om lag time med bil frå Bergen - ein liten kommune med stor kraft som byr på mange og varierte opplevingar.
Modalen ligg inst i Osterfjorden. Naturen er vakker med fjord og fjell og store fossefall. Stølsheimen, det store fjellområdet mellom Modalen, Sogn og Vossebygdene, er eit av dei finaste fjellområda på Vestlandet. Modalen er ein naturleg innfallsport til dette landskapet.
Ved innløpet til Mostraumen, som er ein vakker straum i eit særeige landskap, er det funne helleristingar som er om lag 3000 år gamle. Kommunen har naturperler som Otterstadstølen, Hestabotn, Slottet og mange fleire. Modalen har mange merka turvegar og gode tilhøve for jakt, fiske og friluftsliv. Kommunesenteret Mo er vel verdt ei vitjing. Langs den særmerkte bryggjerekka med kaipromenade er det tilrettelagt for båtturisme. Her finn ein butikk, post og kafé/restaurant. Den kvite sandstanda er ein fin stad å vera ein varm sommarsdag. Modalen har eit flott aktivitetshus, «Bryggjeslottet», der du kan bowla, bade, trene og gå på biblioteket.
Frå Bergen til Modalen køyrer du over Nordhordlandsbrua som er verdas lengste flytebru. Turen vidare går gjennom vakkert og variert fjordlandskap og velstelte små bygdesamfunn.
Turen tek om lag 1 time og 20 min frå Bergen sentrum.
Offentleg transport, sjå Skyss si heimeside www.skyss.no.
Velkommen til Modalen!