Kva driv eit menneske som aldri heilt klarer å stå stille?
I dette ærlege og inspirerande foredraget tek Dag Otto Lauritzen oss med gjennom 21 etappar av eit liv fylt med utfordringar, motgang, mål og sigrar. Bak TV-suksessane og det folkekjære smilet møter vi mennesket bak, med historiene som forma han, og erfaringane som har sett spor.
Frå barndommens gutestrekar og dramatiske hendingar, via fallskjermulukke og polititeneste, til ein spektakulær karriere som profesjonell syklist. Dag Otto deler historier frå eit liv drive av uro, vilje og ein konstant jakt på neste mål.
Han fortel óg om rolla som lagbyggjar og leiar i Kompani Lauritzen, og om kva som skal til for å få menneske til å tru på seg sjølve og kvarandre.
Men dette er ikkje berre ei historie om prestasjonar. Det er óg ei forteljing om familie, sakn, relasjonar og prisen som kan følgje med eit liv i høgt tempo. Om periodar der kroppen sviktar, livet slår tilbake, og om korleis ein finn styrken til å halde fram.
Med ærlegdom, humor og sitt karakteristiske pågangsmot deler Dag Otto kva som har drive han framover, og kva det har kosta.
Eit foredrag om livsmot, meistring, leiing, fellesskap og kunsten å reise seg når livet ikkje går etter planen.
___
Varigheit: Ca 1,5 t.
Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.