Basert på Edvard Hoems roman «Husjomfru» blir historia om felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter løfta fram. Julie Elisabeth var ei stolt og standhaftig kvinne som levde i skiftet mellom gamle og nye tider, før velferdssamfunnet tok form og då eit kvinneliv lett kunne forsvinne i stilla.
Etter ungdomsår i Kristiansund arbeidde ho det meste av livet som husjomfru hos velståande familiar i Bergen. Ho sat ved herskapets bord, men høyrde ho eigentleg til der? Framsyninga skildrar korleis små val, draumar om kjærleik og lengta etter tilhøyrsle kan forme eit heilt liv.
Teatret Vårt har tidlegare løfta Edvard Hoems slektshistorie til scenen med «Slåttekar i himmelen» og «Jordmor på jorda». No kjem «Husjomfru», den siste forteljinga i slektskrønika, til Den Nationale Scene og USF Verftet på Nordnes, berre eit steinkast frå der Julie Elisabeth Hoem levde.
«Husjomfru» er ei varm og sår forteljing om ei kvinne som lenge har stått i skuggen av historia, men som gjennom Hoems penn har fått si stemme og sin plass i lyset.
Skodespelar Anne Wiig, sjølv frå Bergen, ber heile livsreisa aleine på scenen. Frå svaberga i Kristiansund til det stille rommet der livet går mot slutten. Ei sterk, levande og nært fortald teateroppleving der éi stemme rommar eit heilt liv.
No kjem historia heim til Bergen. Byen der Julie Elisabeth levde store delar av livet sitt, blir også staden der denne forteljinga får ei særleg fin avslutning på scenen.
Framsyninga er eit gjestespel frå Teatret Vårt i Molde og har spelt for fulle hus i Møre og Romsdal sidan premieren våren 2026. Etter gjestespel på Det Norske Teatret i Oslo i desember og nye framsyningar i Møre og Romsdal, kjem «Husjomfru» til Den Nationale Scene frå 18. februar 2027.