
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise, eller velge mellom et spennende utvalg av håndplukkede turer.
For å lage din egen reiserute, klikk
for å legge til et produkt i reiseruten.
Meny
| Støvå Pop Up (30 Nov 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Mandag | 18:00 | - 22:00 |
Gløym ferdigpakka pålegg – denne kvelden fyller vi bordet med heimelaga godsaker!
Bli med på ein sosial og smakfull kveld hos Stene Matglede, der vi går laus på noko av det aller kjekkaste med jula: ein stor og bungnande felles frokost med det lekraste pålegget. Og pålegget du har laga sjølv er jo aller best!
Vi skal sylte, røre, smake og lage fleire ulike typar pålegg heilt frå grunnen av. Det blir mellom anna heimelaga leverpostei, tomatsild, sylta agurk, bønnetapenade og varmrøyking av fisk – pluss fleire små godsaker og masse tips du kan ta med deg vidare på ditt eige kjøkken.
Og sidan vi nærmar oss jul, passar timinga ganske perfekt: Målet er at du skal gå heim med både oppskrifter, inspirasjon og kunnskap til å gjere julefrukosten litt ekstra digg i år.
Dette er eit deltakande kokkekurs, så her skal du ikkje berre stå og sjå på. Vi lagar maten saman, smakar undervegs og snakkar om råvarer, teknikkar, variasjonar og korleis du enkelt kan lage skikkeleg godt pålegg sjølv.
Og sjølvsagt får du med deg eit utval av godsakene heim!
Praktisk info:
Dato: mandag 30. november
Stad: Støvå PopUp, Rogagaten 26
Tid: 17.00 – ca. 21.00
Pris: 1850 kr per person
Maks: 8 deltakarar
Kurset inkluderar:
Kurset foregår på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26.
Kom svolten på både mat og kunnskap – og gå heim klar for å imponere rundt julefrukostbordet!
Sist viste
Guidet tur
Bli med oss på en halvdagstur med buss til Hardanger og opplev brusende fossefall, blomstrende frukthager og helleristninger fra steinalderen.
Butikker
Glass Thomsen er virkelig en skatt i midt Bergen sentrum, kjent for sitt imponerende utvalg innen interiør, borddekking og gaveartikler.
Andre sider
Visit Bergen
Strandkaien 3
NO-5013 Bergen
© Visit Bergen 2026


