
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise, eller velge mellom et spennende utvalg av håndplukkede turer.
For å lage din egen reiserute, klikk
for å legge til et produkt i reiseruten.
Meny
| Støvå Pop Up (22 Feb 2027) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Mandag | 18:00 | - 21:00 |
Frå Kraków via New York til Bergen!
Kva skjer når vi tek den ikoniske New York-bagelen med oss tilbake over Atlanteren, gir han ein god dose norsk korn, vestlandske råvarer og litt ekstra tid?
Bli med på ein kreativ, smakfull og lærerik kveld der vi utforskar kunsten å lage skikkelege bagels frå botnen av – med lang kaldheving, lite gjær og heilt vanleg kjøkkenutstyr!
Bagelen har ei fascinerande historie med røter i den jødiske matkulturen i Aust-Europa, før han fann vegen til New York og etter kvart vart ein verdskjend klassikar. På dette kurset tek vi historia eit steg vidare og lagar vår eigen Vestland Style – med norske kornsortar som kveite, bygg og rug, og spennande toppingar inspirerte av både klassiske bageltradisjonar og lokale smakar.
Dato: Mandag 22.februar
Stad: Støvå PopUp, Rogagaten 26, Bergen
Tid: Kl. 18.00–21.00
Deltakarar: Maks 8 personar
Pris: 1550 kr per person
Nivå: Passar både nybyrjarar og deg som har baka ein del frå før
Inkludert: Alle råvarer, oppskrifter, fagleg påfyll, smaksprøver og matglede!
Kva skal vi lære?
Vi går grundig, men uhøgtideleg til verks og ser nærare på kva som eigentleg gjer ein bagel til ein bagel.
Kvifor skal deigen vere så fast? Kva skjer når vi brukar lite gjær og lang hevetid? Kvifor kokar vi bagelane før steiking, og kva har holet i midten med saka å gjere?
Du får lære om norske kornsortar, glutenutvikling, elting, kaldheving, forming, koking og steiking – og ikkje minst korleis du kan få til eit godt resultat på ditt eige kjøkken, utan fancy utstyr.
Vi jobbar praktisk med deigen, og alle deltakarane får lage fire bagels kvar. For å få oppleve heile prosessen på éin kveld, har eg også førebudd kaldheva deig på førehand. Slik får du både lære å lage og forme din eigen deig, og prøve deg på koking, topping og steiking av ferdig heva bagels.
Deigen du lagar sjølv, får du med heim for vidare kaldheving og steiking – med oppskrift og rettleiing, sjølvsagt!
Frå bakst til bagel-fest!
Når dei nysteikte bagelane er klare, ventar eit freistande utval av toppingar og pålegg som eg har førebudd på førehand.
Her finn du både inspirasjon frå klassiske New York-bagels og spennande vestlandske vriar med norske, gjerne kortreiste råvarer.
Så er det berre å sleppe kreativiteten laus! Kombiner, eksperimenter og bygg din eigen favorittbagel – akkurat slik du likar han.
Det blir sjølvsagt rikeleg med smaking, gode kombinasjonar og kanskje nokre nye favorittar å ta med heim!
Du får også med deg oppskrifter, tips til oppbevaring, frysing og baking i større porsjonar, slik at du enkelt kan fylle frysaren med heimelaga bagels.
-Velkomen til ein kveld full av godt handverk, spennande matkultur, lokale råvarer og ekte matglede!
Sist viste
Andre arrangement
Kursdato: 22. november Målgruppe: fra 12 år og oppover Varighet: kl. 10:00-14:00
Om medlemskap Medlemskontingenten er på kr. 50
Om…
Byvandring/guiding
Ta en rusletur med en bergenser blant sjarmerende trehus og brosteinsbelagte smau, og lær om kreftene som har formet Bergen og holdningene som preger…
Show
Har du lagt merke til det? At du tar deg i å være lei av ting du før pleide å finne deg i? Får du lyst til å si "FØKK IT"? Da kan det hende at…
Andre sider
Visit Bergen
Strandkaien 3
NO-5013 Bergen
© Visit Bergen 2026


