Storband for swingande!
30. januar er Oseana rigga med runde bord og musikarar med stilfulle laurdagsklede. Bli med på ein heilaftan med Oldtimers Big Band.
Oldtimers Big Band har gjort det til tradisjon å halda storbandshow like etter at jul- og nyttårsfeiringa er overstått. 30. januar spelar bandet opp igjen i Oseana si storstove.
Songarane Marita Moe Sandven og Fredrik Schmidt Fotland er klare med klassikarar frå Frank Sinatra, Sarah Vaughan, Tony Bennett og Lady Gaga. I tillegg har dirigent Are Ovesen introdusert bandet for fleire spreke instrumentalnummer.
Dans om du vil. Sit i ro og lytt, om det er det som er di greie. Men kom og nyt musikken. Det blir musikk heile kvelden, med nokre strategiske pausar der du kan trekka pusten og prata med vener og kjentfolk.
__
Varigheit: Ca 3 timar, inkl. pausar.
Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.