Vrang viljes veg


Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise, eller velge mellom et spennende utvalg av håndplukkede turer.
For å lage din egen reiserute, klikk
for å legge til et produkt i reiseruten.
Meny

| Litteraturhuset i Bergen (5 Mar 2027) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Fredag | 20:00 | - 21:30 |
Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste artistane og låtskrivarane i landet. Med ei eiga evne til å kombinere sterke tekstar med iøyrefallande melodiar, har han skapt radiofavorittar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag».
Han er også kjent for sine sterke gjendiktingar av Bob Dylan, og som tekstforfattar for bl.a. Hellbillies og Vamp.
I februar 2027 kjem det nye albumet «Vrang viljes veg», og Tom Roger drar på turné. Fredag 5. mars kjem han til Litteraturhuset i Bergen, i følgje med den virtuose multiinstrumentalisten Olav Christer «Laffen» Rossebø (fele, mandolin, mandola og bouzouki).
Programmet består av låtar frå den nye plata, kjente radiofavorittar og Dylan på nynorsk. Gled deg til ei nær og sterk konsertoppleving med ein av Noregs fremste historieforteljarar!
350,–
Foto: Øystein Viland og Jarle H. Moe
Andre sider
Visit Bergen
Strandkaien 3
NO-5013 Bergen
© Visit Bergen 2026

