Om
Gondolen, som er ein del av Voss Resort, er open heile året og gjev deg enkel tilgang til spektakulær utsikt, flotte naturopplevingar, lokalmat på sitt beste og ei rekke aktivitetar – uansett sesong.
Unik plassering ved Voss stasjon
Nedre stasjon gondol har ei unik plassering på Voss stasjon. Hit kjem ein med både buss og tog, og stasjonen er ein del av Bergensbanen. Øvre stasjon gondol er lokalisert på fjellplatået Hangustoppen, 818 m.o.h. Det betyr at ein både enkelt og miljøvenleg kan ta seg frå bykjerna i Bergen til Hangurstoppen på Voss på berre 1,5 time. Gondolbana har ni kabinar, rommar 34 personar i kvar kabin, og går kontinuerleg. I praksis betyr det at ein sjeldan møter på kø og difor ikkje treng å vente med å komme seg til fjells.
Hangurstoppen Restaurant
På Hangurstoppen finn du Hangurstoppen Restaurant – Voss sin største restaurant. Her vil du få servert retter med fokus på kortreist mat, laga frå botnen av. Den enkle og rustikke menyen er full av gode smakar, er tilpassa sesong og lagast med lokale råvarer. Frå restauranten har ein sjølvsagt også panoramautsikt og ein får verkeleg følelse av at ein er på høgfjellet.
Mykje å utforske, sommar som vinter
Hangurstoppen og området rundt er perfekt for naturopplevingar, rekreasjon og avslapping. Men her er og moglegheit for tøff trening og lange turar om ein heller ynskjer seg det.
Sommarstid finn ein stiar for vandring i alle variantar og for alle nivå. Her er både tilrettelagte løyper med universal utforming, eller meir kuperte stiar der ein gjerne bør ha fjellstøvlar med. Turane er merka og du finn desse i eit eige vandrekart.
Hanguren Panorama – ein lett tur med fantastisk utsikt
Hanguren Panorama er ein lett rundtur på ca. 800 meter, perfekt for både rullestol og barnevogn. Stien startar rett ved toppstasjonen til Voss Gondol og byr på fleire flotte utsiktspunkt over Voss sentrum og Vangsvatnet – ideelle for eit bilete eller ein pause. Me har fleire instagramvennlege lokasjonar og ein kan til og med sjå paraglidarar som kaster seg ut frå fjellet.
Om du vil kjenna at du flyg som ein "ekstremsportar" høgt over heile Voss kan du prøva Hangurshusko. Den passar for alle og alle aldra og du finn den i Hanguren Panorama rett ved toppstasjonen.
Om du vil gå vidare, kan du ta turen ned til den gamle Hangursrestauranten eller følgje stien til Mølstertunet og vidare til Voss sentrum. For lengre turar kan du gå mot Røde Kors-hytta og Valbergstjørni eller vidare til Raugstad, Lønahorgi og Bavallen.
Vinterstid har ein direkte tilkomst til Voss Resort - Vestlandets største skianlegg. Her er meir enn 40km nedfartar og 23 løyper for alle nivå, i tillegg til ca. 18 km langrennsløyper. Vil du få det meste ut av dagen, så kombiner ein dag på ski med kveldskøyring; du finn nemleg eit av Europas beste kveldskøyringstilbod her. Treng du skiutstyr eller instruksjon, så finn ein både skiskule og skiutleige på Hangurstoppen. Gondolen er inkludert i alle skikort. For barn under 7 år er både skikort og gondolbillettar gratis.
Tilgjengelegheit og universell utforming
I Voss Resort er fjellet tilgjengeleg for alle. I omlag halvparten av gondolkabinene våre har me fjerna setterekka i midten, for å ha ekstra god plass til t.d. rullestol eller barnevogn. Gondolen går i svært sakte fart ved av- og påstigning, men ein kan også stoppe gondolen heilt om nødvendig. Frå Hangurstoppen har ein eigen inngang/utgang for rullestol og barnevogn og fleire av turstiane om sommaren er universalt utforma. Sjå gjerne vandrekart. Hangurstoppen Restaurant er romsleg og du finn heis mellom etasjane.
Møter, kurs og selskap – arrangement med utsikt
Tenk å kunne køyre gondol til møtet eller selskapet sitt? Kombiner det faglege og sosiale med naturopplevingar og legg møtet, kurset eller selskapet ditt til Hangurstoppen. Her tilbyr me skreddarsydde opplevingar, slik at du får det arrangementet som er tilpassa dine behov. Restauranten kan delast inn og skjermast i ulike soner for lukka arrangement. Treng du overnatting, så finn du tre sentrumshotell i gangavstand frå nedre stasjon gondol. Du kan også leige hytte eller leilegheit i Voss Resort, med flott til med utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og med korte avstandar til det meste.
Med Voss sentrum i bakgården
Voss har mykje å tilby og er ei levande bygd gjennom heile året. Her er verdskjende festivalar av alle slag (til dømes Vossa Jazz, Ekstremsportveko og Voss Cup), aktivitetatar i det vide og dei breie (til dømes rafting, vindtunnel, klatrepark, leikeland og bowling), shoppingmoglegheiter og eit rikt mat- og kulturliv. Alt i korte avstandar frå jernbanestasjonen og Voss Gondol.
Slik kjem du deg til Voss
Med tog
Toget er ein av dei beste måtane å reise til Voss på. Frå Bergen tek togturen om lag 1 time og 15 minutt, og det går fleire avgangar dagleg. Frå Oslo tek toget omtrent 5,5 timar, med fleire avgangar gjennom dagen.
Med bil
Om du køyrer frå Bergen, tek turen rundt 1,5 time. Frå Oslo kan du køyre E16 via Fagernes eller RV7 over Hardangervidda, begge tek rundt 6 timar.
Med buss
Det går ekspressbussar mellom Bergen og Voss fleire gonger dagleg. Reisetida er om lag 1,5 time. Frå Oslo kan du ta buss via Gol eller Hardanger, men dette tek lengre tid enn toget.
Parkering
Det er fleire parkeringsmoglegheiter i sentrum av Voss. Stasjonsgarasjen i Voss sentrum ligg rett ved Voss stasjon og har 376 parkeringsplassar, inkludert 23 ladeplassar og 13 plassar for forflytningshemma. Du finn òg offentlege parkeringsplassar i nærleiken. På vossparkering.no finn du all informasjon om parkering på Voss, inkludert parkeringskart, prisar, betaling, reglar og oblatbestilling.
Bestill billett til Voss Gondol her.