Om
DYLANSELSKAPET
– ein dramakomedie om menn, vennskap og Bob Dylan
Heldigvis har dei Bob Dylan
Fire menn møtest jamleg for å diskutere Dylan, livet, døden - og alt anna dei ikkje snakkar om med kvinnene sine
Men den siste tida har ting byrja å endre seg: Den eine er alvorleg sjuk, den andre har blitt saman med eksen til den tredje, og den fjerde har planlagt ferietur med elskerinna same dag som kona skal føde. Det er duka for sterke kjensler, opprivande samtalar, og djupe erkjenningar. Heldigvis treng dei berre å snakke om Dylan.
Kva er det med menn og kjensler?
Når Dylan blir terapi for menn i midlivskrisa
Dylanselskapet er ein dramakomedie om vennskap, menn, aldring og Bob Dylan. Og om kor vanskeleg det kan vere å snakke om det som verkeleg betyr noko.
Om stykket og forfattaren
Frå Malmö til Bergen – svensk dramatikk med vestnorsk glimt i auga
Dylanselskapet er skrive av den svenske dramatikaren Dennis Magnusson. Stykket har vore ein stor suksess ved fleire teater i Sverige, og får sin Noregspremiere ved Det Vestnorske Teateret våren 2026.
Magnusson er ein anerkjend dramatikar, som har skrive for både film og teater. Han står blant anna bak storfilmen Kongen av Bastøy, og han var dramaturg for den internasjonale suksessen La den rette komme inn.
Stjernelag på Hovudscenen
Dei fire karakterane i stykket blir spelte av
Lasse Kolsrud, Anders Dale, Sigmund Njøs Hovind og Svein Harry Schöttker Hauge. Vi kan ikkje drøyme om eit betre skodespelarlag! Publikum kan vente seg sterke skodespelarprestasjonar, i ei folkeleg og rørande framsyning som snakkar like mykje til hjartet som til hovudet.
Kunstnarleg lag
Av Dennis Magnusson
Omsetjing frå svensk til nynorsk: Aslak Moe
Regi: Simon Lay
Scenografi og kostymedesign: Milja Salovaara
Lysdesign: Silje Grimstad
Colombine Teaterforlag
Foto av Anders Dale: Rogaland Teater ved Henriette Time
Foto av Lasse Kolsrud – Det Norske Teatret
Foto av Sigmund Njøs Hovind og Svein Harry Schöttker Hauge: Andreas Roksvåg.