Søndag 7. juni 2026: Reis med «Stord I» til Salhus for å oppleve sumar på Tekstilindustrimuseet og Salhus Tricotasjefabrik. Ta med deg «spøtet» og finn plass i strikkesalongane og «spøta» deg fram og tilbake i takt med dampmaskina sine mjuke maskinlydar!
«Strikk og mekanikk» med skip og i fabrikk!
SALHUS TRICOTAGEFABRIK
Salhus Tricotagefabrik er eit freda kulturmiljø i Salhus. Fabrikken var i drift frå 1859 til 1989 og produserte strikka klede av god kvalitet – trikotasje betyr strikka stoff. I dag held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala.
På denne turen vil du få oppleve Salhus Tricotagefabrik, lære meir om kledesproduksjonen i fabrikken og elles i verda. Kjenne karda ull mellom fingrane, høyre maskinstøyen, kjenne luktene i dei gamle lokala, utforske fabrikkstaden Salhus, og sjå utstilling med kunststudentar med fordjuping i tekstil, ved fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.
Det vil i tillegg vere:
Ope strikkeloft: Opplev strikkemaskiner frå 1930- og 1950-talet i drift kl. 12 -13
Open smie: Demonstrasjon av produksjon i smia kl. 12-13
Aktivitetsbord: Aktivitetar for alle
I MUSEUMSBUTIKKEN
10 % av på varer som sokkar, skjerf, gensarar og bomullsplagg produsert på fabrikken
Loddtrekning av gåvekort kl. 14:30 for alle
VÅRSTEMNING I KRONE KAFÉ
* Meny: Blings, skillingsbollar, kake. Kaffi/te, saft/juice.
Orienter deg om kulturmiljøet i Salhus:
https://snl.no/Salhus_Tricotagefabrik
https://www.riksantikvaren.no/prosjekter/bevaringsprogramma/tekniske-og-industrielle-kulturminner/salhus-tricotagefabrik/
Stord I
Dampskipet «Stord I» vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ved Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri i 1913. Skipet gjekk i rute for reiarlaget fram til 1969.
Skipet blei restaurert som veteranskip mellom 1981 og 2013. Sjøfartsdirektoratet tildelte i 2013 passasjersertifikat for 99 passasjerar. Skipet har mange salongar og god plass på mange dekk. På turen frå Bergen til Salhus og tilbake kan ein oppleve heile skipet som styrehus, maskinrom og bysse. Det blir strikkesalong om bord og utdeling av strikkemønster, og utlodding av dagspass til Bergen Strikkefestival.
Byssa til D/S Stord I sel både mat og drikke som bacalao og betasuppe, svele og vaflar, og godt utval av drikke som kaffi, te, brus, mineralvatn, øl og vin.
AVREISE FRÅ SALHUS KL 15.00. Ankomst Bergen/Vågen ca. kl, 16.00.
Orienter deg om D/S Stord I :
Nettsida: www.stord1.no
Facebook: https://www.facebook.com/STORD1/
Instagram: https://www.instagram.com/stord_1/